top of page
skår_sel_edited.jpg

OM SKÅRABAKKANE

Her inne har vi røte som strekke seg tilbake i tida. Strandabø, seinare Skår slekta, kjøpte i 1893 Skårabakkane i Hjørundfjorden. Huset som står der i dag vart bygd i 1895 og løda i 1920 og her inne i fjorden har det vore drive gardsdrift i mange år.


Johan Skår har i nyare tid gitt nytt liv til garden inne i fjorden. Løda i Skårabakkane er bygd om til selskapslokale, med kjøkken og plass til kring 60 gjestar i løda, ute er det i 2022 også bygd ny flott platting. Lokala våre er egna for store og små arrangement som konfirmasjonar, bryllaup, bursdagar, utdrikkingslag, julebord og mange fleir. Det er også overnattingstilbod i bakkane hjå oss.


Over Skårabakkane ligg Skårasetra. I fjella var det om sumrane dyr på beite og på setra var det bygd eit sel for at ein skulle halde auge med dyra.  I dag står der eit nyare sel, ei lita hytte ein kan nyte utsikt ifrå.

Om skår: About Us

SPØRSMÅL OG SVAR

KORLEIS KOMME SEG TIL SKÅR

Du kan komme deg til skår på ei rekke forskjellege måtar:

Ta med deg bilen, det går signal ferje to til tre gonge om dagen frå Sæbø. Hugs å ringe inn på førehand.

Link til ferjeruter https://www.fjord1.no/Ruteoversikt/Moere-og-Romsdal/Trandal-Standal/(page)/pdf?date=06.08.2020&from=150015208050&to=150015208052   

Tlf: 41536373


Skyss deg enkelt over fjorden med skyssbåten og gå i land på Skår. https://www.orsta.kommune.no/naring/samferdsel/skyssbat/


Det er og mogeleg å ta med eigen båt og legge til ved kaia.


Og sist men ikkje minst, er det mogeleg å ta turen over fjellet. Den nydelege fjellturen går over Skårasalen og ein kan komme ned til et godt måltid. Om vinteren er det og fint å renne ned Littleskåradalen på ski. https://ut.no/kart#11.6/62.1657/6.5407

Om skår: FAQ
bottom of page